Vårturen i Hordaland er i gang.

Det er klart for vårturen til bokbåten Epos. Bokbåten vert lasta med både nye og gamle bøker, lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei.

Det er sørdelen av fylket som får besøk først. Turen startar på Strøno i Os 6. mars. På bokbåtstoppa Strøno og Vedholmen vil ein få Ramona Sulen sin versjon av Brødrene Grimm sitt eventyr om Ulven og dei små geitekillingane. På resten av sørturen underheld Merethe Gauden med «Eventyrmuseet». Sørturen sluttar 16. mars.

Etter påske startar nordturen på Hjellvikvåg på Osterøy. Forfattar Magnus Holm skal lese og fortelje om robotar. Han har skrive ei bok om temaet. Nordturen varar frå og med 4. april og til og med 13. april.

Innbyggjarane i Førde i Sveio får høve til å delta på eit program som passar for heile familien. Gruppa Trio Tunnel skal spele Knutsen & Ludvigsen sine songar. Det vil også verte eit program for vaksne på Åsgård. Torodd Fagerheim vil ha ei framsyning med Jakob Sande sine tekstar og songar. Fagerheim les, fortel og spelar trekkspel.