Årets høgdepunkt

Tenk å få vere nokon sitt høgdepunkt

Vi som jobbar på bokbåten får ofte høyre at båten er velkomen og verdsett. Seinast i dag i Kolbeinsvik, men eigentleg langs heile ruta vår. Det er då tenesta fungerer slik den skal, vi er eit utjamnande tilbod, som kjem med litteratur og kultur til folk og stader der dei ikkje  forbrukar mest av kulturkronene i kongeriket Noreg.