Bokbåten Epos takkar av for i år

Bokbåten legg til kai i Bergen og avsluttar 2016-sesongen. Vi takkar for ein kjekke dagar i Møre og Romsdal og Hordaland, og gler oss til ny tur vinteren 2017.

24. januar legg Epos ut på ny tokt frå Ålesund for å besøkje bygder og små samfunn langs kysten og i fjordane våre.

Takk til mannskap, kulturarbeidarar og bibliotekarar som har jobba om bord, og ikkje minst – takk til barn og unge, vaksne og eldre som har gleda oss med besøk og som vonleg har hatt stor glede av å besøke oss!