Bokbåten er atter ein gong på jakt etter leselystne barn og unge på øyer og langs fjordane i Hordaland

Bokbåten startar haustturen 6. november

 Tysdag 6. november startar bokbåten Epos på haustturen i Hordaland. Første stopp blir i Baldersheim i Fusa kl. 08.30. Totalt har bokbåten 55 stopp til avslutninga i Hjellvikvåg på Osterøy onsdag 28. november.

Bokbåten er lasta med både nye og gamle bøker og lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei.

I haust har bokbåten fått eit nytt stopp på Grimo i Hardanger og eit gjestestopp i Sandebygda i Gulen. Begge desse to stadene skal både ha barneprogram og vaksenprogram.
Smooth Operators har eit musikalsk program om Bob Dylan på Grimo. I Sandebygda er det duoen Evansson & Thorsheim som står for vaksenprogrammet med norsk og svensk tradisjonsmusikk.

Sørdelen av Hordaland får først besøk. Barn og unge får innblikk i norrøne og greske gudesagn med Marianne Stenerud og Ingunaya Myhre. Bokbåten er blitt eit tradisjonelt innslag på barnelitteraturfestivalen FALTURILTU i Leirvik på Stord og kjem dit 7. november. Sørturen sluttar 16. november.

På nordturen er det språk, musikk og lyd som står i sentrum med Sofia og Eliana frå Sverige og Italia. Nordturen startar 19. november i Skogsvåg på Sotra og avsluttar i Hjellvikvåg på Osterøy 28. november.

Det er alltid stas når bokbåten legg til kai. Personalet om bord gler seg til å ta imot både små og store som kjem på båten fylde av forventing. Også i fjor hadde Epos ein liten auke i besøket i Hordaland med i underkant av 4500 personar.