Bokbåten går nordover!

Haustferien er over og Bokbåten Epos sett kurs nordover i fylket i dag. Nordturen går i perioden 16.10-29.10. Sjå heile ruta her. 

Siv Wyller mønstrar på båten med førestillinga «Hockeysveis fører til dårlig rim». Førestillinga er basert på boka med same tittel. Les meir om kulturprogrammet her.

Bokbåtteamet i Møre og Romsdal. f.v.: One Marthe Vik. Inger Lise Aarseth, Cecilie Røe og Madelen Ramsøy.
Foto: Bjørn Vatne.

Cecilie Røe skal og mønstre på. Dette blir hennar første tur på Bokbåten Epos. Røe er siste tilskot i bokbåtteamet i Møre og Romsdal. Ho starta i jobben som bibliotekrådgivar på fylkesbiblioteket i haust. Cecilie og resten av mannskapet er klare for tur og vonar du er det same. Vi sjåast!

Siv Wyller