Ei veke til bokbåten legg ut frå kai!

Ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er vi klare for vinterturen 2018. Med oss i båten har vi mange nye bøker, temasekkar og boksekkar. Temasekkane passar for 1.-4. trinn, og boksekkane passar godt til formidling i barnehagen.

Turen startar onsdag 24.januar, og fram til 31. januar vil ruta gå sør for Ålesund. Frå 1. februar fram til 15. februar får stoppestadane nord for Ålesund besøk. For å sjå heile ruta kan du klikke deg inn her.

 

Vi har sjølvsagt med oss formidlarar ombord. På sørturen treff du Line Møller-Christensen med forestillinga «Fabiolas nøkkelreise», og på nordturen treff du Trond Magnum med forestillinga «BOKstavelig talt». For meir informasjon om formidlarane, gå inn her.

I Hordaland kan folket langs kysten byrje å gle seg allereie no: Her startar sørturen 6. mars, og vert avslutta 16. mars. Turen går nordover frå 4. april t.o.m 13.april.

Line Møller-Christensen