Epos er klar for hausttur i Hordaland

Det er  klart for haustturen til bokbåten Epos. Bokbåten vert lasta med både nye og gamle bøker og lydbøker og kulturelle opplevingar. Både barn og vaksne langs ruta kan gle seg til at bokbåten stoppar på eit stopp nær dei.

Det er sørdelen av fylket som får besøk først. Turen startar på Strøno i Os 7. november. Ein kan gle seg over eit program med skulen, skulevegen og elevar som tema. Det er Alf Prøysen som har skrive tekstane. Programmet heiter «Jada, jada, ja» og det er Fred Dalbakk og Anne Persdotter Flugstad som syng og fortel.

Nordturen startar på Skogsvåg på Sotra 20. november. Då har Merethe Gauden programmet «Eventyrmuseet». Ho skal snakke om og fortelje eventyr.

På denne turen har ein også to program for vaksne. Det eine er «Valgets kavalér – Ragnar Hovland les for vaksne» med Ragnar Hovland. Dette er ein del av programmet til Falturiltufestivalen i Leirvik. Det andre er forfattar og musikar Atle Hansen som syng eigne songar og fortel historier frå Sunnhordland. Han skal vere på Espevær.

Det er alltid stas når bokbåten legg til kai. Personalet om bord gler seg til å ta imot både små og store som kjem på båten fylde av forventing. I fjor hadde Epos ein liten auke i besøket. Det var litt over 4000 personar som var om bord i Hordaland. Vi nyttar høvet til å invitere lokalpressa om bord for å lage reportasjar frå eit eineståande og tradisjonsrikt kulturtilbod.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Nettstad: www.bokbaten.no. Båten kan òg følgjast på Facebook: https://www.facebook.com/BokbatenEpos/

 

Kontaktpersonar i Hordaland:

Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, e-post: ruth.ornholt@hfk.no. Tlf: 95913398
Bokbåtansvarleg på fylkesbiblioteket Sigrid Furnes, e-post: sigrid.furnes@hfk.no.
Tlf.: 90973941
Bokbåtansvarleg Lindås bibliotek: Thomas Brevik, e-post: Thomas.Brevik@lindas.kommune.no Tlf.: 40216680
Bokbåten direkte: Tlf. 9705476