Epos legg ut på hausttur i Møre og Romsdal!

Ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er vi klare for haustturen 2017. Med oss i båten har vi mange nye bøker, temasekkar og boksekkar. Temasekkane passar for 1.-4. trinn, og boksekkane passar godt til formidling i barnehagen.

Turen startar onsdag 27. september, og fram til 5. oktober vil ruta gå sør for Ålesund. Frå 16. oktober fram til 29. oktober får stoppestadane nord for Ålesund besøk. For å sjå heile ruta kan du klikke deg inn her.

 

Vi har sjølvsagt med oss formidlarar ombord. På sørturen treff du Torunn Tusj, og på nordturen treff du Siv Wyller. For meir informasjon om formidlarane, gå inn her.

I Hordaland kan folket langs kysten byrje å gle seg allereie no: Her startar haustturen 7. november, og vert avslutta 29. november.

Bokbåtteamet i Møre og Romsdal. f.v.: One Marthe Vik. Inger Lise Aarseth, Cecilie Røe og Madelen Ramsøy.
Foto: Bjørn Vatne.