Epos tek påskeferie

Vi avsluttar 11 kjekke dagar i Sunnhordland og Hardanger med eventyrstund på Vinnes, og takkar alle som har teke turen om bord for ein fin sørtur. Takk til flinke Merethe Gauden for gode eventyrstundar for både barn og vaksne, og Tunnel Trio for  festkveld med Knutsen og Ludviksen. Onsdag 4. april reiser vi ut att, og no går turen nordover i fylket. Med oss har vi både robotar og Jakob Sande, i tillegg til eit godt bibliotek til leseglade strilar.

«Robotar» med Magnus Holm

For kring 60 år sidan var robotar rein fantasi. I dag finnast det robotar nesten over alt. I dette programmet får du vete alt om desse robotane. Forfattaren Magnus Holm synest nemleg robotar er så spennande at han har skrive ei heil bok om dei. Han les høgt frå boka, viser bilete og fortel om nokre av dei beste, raraste og mest spennande robotane som finst.

Alder: frå 5 år.

 Vaksenprogram Åsgard fredag 6. april kl. 19.00

Ei vandring gjennom Jakob Sande si dikting med Torodd Fagerheim

Vi får besøk av den kjende Jakob Sande-tolkaren Torodd Fagerheim. Han les, fortel og spelar trekkspel i programmet sitt om den folkekjære diktaren frå Sunnfjord. Allsong vert det og høve til å høyre meir ukjende songar og tekstar av forfattaren.

”For meg er Sande bygdemannen som gjev utkantfolk oppreising. Han skildrar ikkje berre land og folk. Jakob stig fram som ein logande rettferdsdiktar. Med spit, overdriving og harme langar han ut språklege knyttnevar mot maktmenneska.»

Tilskipinga er gratis.