Flott dag i Gulen

På besøk i Sogn og Fjordane

4 år etter at bokbåten la frå kai i Gulen er vi attende. Eit vakkert kystlandskap og mange små og store ynskjer oss velkomen, og vi på vår side ynskjer velkomen med ikkje mindre enn to musikkprogram frå to ulike sjangrar, både klassisk europeisk og nordisk tradisjonsmusikk. Sofia Kortelainen og Eliana Morretti held fram med ein ny konsert for både små og store, medan Anette Thorsheim på toradar og Jeanette Evansson på fele og hardingfele let oss vaksne ta del i folkets musikk.