Besøk hos Bjørn Arne på Snilstveitøy

20170311_113359

Bokbåten er eit tilbod også for dei små stadane. I dag har vi besøkt Snilstveitøy. Bokbåtkontakta Bjørn Arne har kome med vogna si og har teke i land bøker til heile bygda. 7 besøkjande har vi hatt om bord, og det er bra for ei bygd med i overkant av 20 fastbuande. Malmangernuten i bakgrunnen, er eit av dei mange markante og flotte fjelltoppane i Rosendal.