Hordaland

Kulturprogram haust 2018

 

Sørturen – tysdag 6. november t.o.m.  fredag 16. november

Gudespor – forteljerkunst, undring og filosofi

Vi får høyre mektige vakre og morsame  myter frå den norrøne og greske gudeverda. Gjennom forteljingane får barn og vaksne møte forunderlege skapningar som alvar, underjordiske vesen, gudar, gudinner og urgamle jotnar.

Filosofen fabulerer, undrar og filosoferer samen med publikum.

Fantasi møter verkelegheit og fremjar nye perspektiv og spørsmål.

Framsyninga kombinerer forteljing og filosofisk samtale på en nyskapande og levende måte. Publikum er aktive, dei får sleppe kreativiteten og fantasien laus, og tankane deira vert utfordra og stimulert på mange vis. Det er ynskje om å gje barn og vaksne en meiningsfull og ugløymeleg oppleving.

Marianne Stenerud er ein kreativ og røynd forteljarkunstnar. Ingunaya Myhre er ein leikande og spørjande filosof med tru på nærleik i samtale med barn og vaksne.

Framsyninga høver for alle frå  4 – 104 år.

 


 

 Nordturen – måndag 19. november til onsdag 28. november

SOFIA OG ELIANA FRÅ KLANGVEGEN

Kom og møt venane Sofia frå Finland/Sverige og Eliane frå Italia, og bli med inn i ei spennande verd av lydar. Sofia og Eliana leikar med det verbale og det musikalske språket, det vert song og vi får høyre det finske nasjonalinstrumentet kantele. Dei utforskar musikken sine klangar, og ulike musikalske karakterar vert forsterka med dans og rørsle, og skapar på den måten indre bilete for barna. I programmet finn vi musikk som er heilt stille og musikk som har sterke kjensle. Nord møter sør, mørke møter ljos og venskap bærer Sofia og Eliana gjennom alle dei ulike kjenslene musikken skapar i dei.

Sofia og Eliana har studert musikk i Austerrike, Italia og Finland.  Dei opptrer i heile Europa og forsterkar gjerne musikken med dans, song og rørsle.

Programmet høver for barn frå 6 år.

 


Leirvik, 7. november kl. 18:00

 

Episk teikneduell med Ida Neverdahl og Øystein Runde

 

Kan ein laga eit sjøslag av teikningar? Teikneserieskaparane Ida Neverdahl og Øystein Runde inviterer kvarandre til teikneduell utan at dei heilt veit kva som kjem til å skje. Her kan alt frå geléfiskar, stamceller, vikingar og bananslangar dukka opp. Det blir garantert ei spennande, morosam og magisk stund for alle frå 7-77 år!

Sjølv om Ida og Øystein stiller til duell så er dei til vanleg gode vener og har laga to sjølvbiografiske teikneseriedokumentarar i lag, nemleg Moskva og Hvordan kan Los Angeles knuse hjertet mitt?. Til Falturiltu kjem Ida med sin magiske Jojo (Samlaget 2018), og Øystein skal på turné for Den kulturelle skulesekken med føredrag basert på boka Stamceller (Gyldendal 2017).

Programmet er gratis


Grimo, onsdag 14. november kl. 19:00

Smooth Operators og Bob Dylan

Smooth Operators er ei gruppe på fire som også representerer ulike generasjonar, og som har laga eit program om Dylan sin 1960–talsperiode. I programmet er det sett saman 12 songar frå tiåret då Dylan mot sin vilje vart ropt ut som leiar og vegvisar for ein heil generasjon. I denne perioden gjekk han også gjennom ulike fasar personleg, musikalsk, litterært og menneskeleg. Han forandra musikkstil fleire gonger, kledde seg på forskjellig vis og budde både urbant og landleg.
Mellom songane fortel dei historia om korleis Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg, og korleis han var sentral i utforminga av det vi i etterkant kan kalla 1960-talsuttrykket. Dette tiåret som snudde opp ned på så mange tradisjonar og tilvande meiningar. Ingen ting vart det same etterpå!

For vaksne

Programmet er gratis


Sandebygda, Gulen, laurdag 24. november kl. 16:00

Evansson & Thorsheim

Jeanette Evansson, fele og hardingfele, og Anette Thorsheim, toradar. Evansson & Thorsheim spelar norsk og svensk tradisjonsmusikk, frå Uppland i Sverige og frå Vestlandet. Dei har spelt saman sidan dei studerte ved musikkhøgskulen i Stockholm kring år 2000. Saman har dei hatt konsertar, dansespelingar og workshops i Sverige, Noreg, Frankrike og Japan.

Begge står sterkt i sine eigne musikktradisjonar. Jeanette i Gästrikeland/Upplandtradisjonar og Anette i tradisjonamusikk frå Hordaland og Hedmark/Värmland. Duoen vil løfte fram musikk dei har lært seg av førebileta sine, dei sterke melodiane og «svänget», og utnytte moglegheitene og utfordringane som ligg i duokonstellasjonen. Vinteren 2018/2019 kjem deira første duoplate.

 

Programmet høver for vaksne

Programmet er gratis

Velkomen om bord