Snart legg Epos ut på vintertur i Møre og Romsdal!

Ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er vi klare for vinterturen 2017. Mange nye bøker er kjøpt inn, og vi har med oss Temasekken Steinalder som er heilt ny! I tillegg har vi med Temasekken Samane, Temasekken Småkryp og  Stjernesekkane. Sekkane  passar for elevar på 1.-4. trinn og kan lånast av lærarar til bruk i undervisning. Om bord finn du også boksekkar til formidling i barnehagar.

Turen startar  tysdag 24. januar, og fram til 1. februar vil ruta gå sør for Ålesund. Frå torsdag 2. til og med 16. februar får stoppestadene nord for Ålesund besøk. Her kan du sjå heile ruta med  tidspunkt for alle stoppa i Møre og Romsdal.

På sørturen, frå 24. januar til 1. februar, er det skodespelar Astrid Elise Sæterøy som skal underhalde store og små med eventyr og forteljing. Frå 2. til 16. februar tek Torunn Tusj oss med på ei interaktiv fortellerstund der publikum er med på å bestemme handling. Sjå her for meir informasjon om kulturane på vinterturen i Møre og Romsdal 2016!

Men også folket langs kysten i Hordaland kan byrje å gle seg allereie no: Der startar vårturen 2016 den 7. mars, og vert avslutta 29. mars.

bokbaten_2017

Bokbåtteamet i Møre og Romsdal. f.v.: One Marthe Vik, Vidar Kursetgjerde, Madelen Ramsøy og Inger Lise Aarseth. Foto: Ottar André Breivik Anderson.