Tre flotte kvinner frå Austevoll

Bokbåten har lagt bak seg ein flott dag i Austevoll, med stopp på Litla-Karlsøy, Kolbeinsvik og Møkster, før vi til slutt avslutta dagen med song og forteljingar med Atle Hansen på Rostøy.

På Rostøy traff vi desse tre kvinnene: frå venstre Reidun Drønen som besøkte bokbåten første gong i 1960. Det vil seie at ho har opplevd den første båten som gjekk i bokbåtteneste, Abdulla. Etter kvar er ho ein ivrig brukar av E-bok Hordaland, og er med det godt forsynt med god litteratur også når bokbåten ikkje er på tokt i kommunen.

I midten sit Vivi Haraldstveit, mangeårig brukar av bokbåten og bokbåtkontakt. Ho har vore med oss i heile dag som guide for journalister frå Dagens Næringsliv. Vivi har gjort dagen i Austvoll til ein stor oppleving. Med stor kunnskap har ho tilførd både journalistar og bokbåtfolk kjennskap til Austevoll si kyst- og krigshistorie.

Til høgre er Aud Reppenhagen. Aud for til Shetland med far sin – Olav H. Drønen under andre verdskrig. Ho var ei av dei yngste som for over, 3 år gamal. Systera – som då var 3 månader gamal  – er det yngste barnet som vart frakta frå Noreg til Shetland under krigen.