Vårsesongen for bokbåten Epos er over

Vi legg ut frå det siste og nye bokbåtstoppet vårt på Hjellvikvåg, og set kursen mot Bergen. Bokbåten Epos skal lossast, og dermed er vårsesongen  over både i Møre og Romsdal og Hordaland.

Tusen takk til alle som har bidrege og gjort vårturen i Hordaland til enno ei suksessreise. Takk til Liv Brita Brodal og takk til Sirkus Bobbini med Ingvild Storhaug og Trond Lindheim. Takk til Atle Hansen og Bjørn Ingvaldsen for gode kveldsprogram.

Takk til alle barn og vaksne som har vore innom oss, og gjere alle turar  med bokbåten Epos til eit lite eventyr for oss som jobbar om bord.

Vi sjåast til hausten.