Vårturen for bokbåten Epos er over for denne gong

Vi har lagt frå kai i Skogsvåg i strålande vårvêr, og set kursen mot Bergen. Bokbåten Epos skal lossast, og dermed er vårsesongen over både i Møre og Romsdal og i Hordaland.

Tusen takk til alle som har bidrege og gjort turen i Hordaland kjekk og innhaldsrik. Takk til Merethe Gauden og takk til Magnus Holm for gode barneprogram. Takk til Trio Tunnel med Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Endre Olsen for kjekk kveld i Førde i Sveio, og takk til Torodd Fagerheim for minnerik Jakob Sande-kveld i Åsgård.

Takk til alle barn og vaksne som kjem innom oss, og gjere alle turar  med bokbåten Epos til eit lite eventyr for oss som jobbar om bord.

Vi sjåast til hausten.