Kulturprogram vårturen 2020

Sørturen – tysdag 3. – fredag 13.mars

SKUMMEL MUSIKK!

Med Sindre Sortland

Har du blitt redd av musikk? Sindre likar skummel musikk, men er det musikken som er skummel? Eller blir musikken skummel saman med ei historie? Vi veit at ein film kan bli skumlare med skummel musikk, men kan musikk som ikkje er skummel bli det med den rette historia?

Alt dette lurar Sindre på. Derfor vil han leite etter komponistane sine skumle triks, med god hjelp av gitar og andre instrument. Til slutt i konserten spelar Sindre den skumlaste musikken han kan, nesten utan å bli redd, og som publikum må bruke sin eigen fantasi til å lage ei historie til.

Programmet høver for barn frå 5 år og oppover.

Nordturen – måndag 16. til onsdag 25. mars

DET MAGISKE SKRINET

Med Nina Næsheim

Har du høyrd om det magiske skrinet som Nina har arva av morfaren sin?
Han var sjømann og reiste rundt på dei sju hav, og det magiske skrinet hadde han med seg heim ein gong for lenge sidan. Det gamle skrinet inneheld små ting med eventyr frå fjern og nær. I framsyninga får publikum både høyre eventyr og         forteljingar frå røynda. Nina har også med seg gitaren og inviterer tilhøyrarane med til å syngje.

Programmet høver for barn frå 5 år og oppover.