No skal bokbåten på vintertur!

Ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er vi snart klare for vinterturen 2019. Med oss i båten har vi nye bøker, temasekkar og boksekkar. Temasekkane passar for 1.-4. trinn, og boksekkane passar godt til formidling i barnehagen.

Turen startar måndag 21.januar, og båten vil vere ute i veke 4, 5 og 6, fram til 8. februar.  For å sjå heile ruta kan du klikke deg inn her.


Flotte formidlarar er med ombord denne gongen og.

Første veka kjem Reidar Kjelsen med forestillinga «Gal mann på rett stad», andre veka er det Torunn Tusj med forestillinga «Askeladden» som besøker oss og tredje veke treff du Marius Horn Molaug med forestillinga «Verdens verste show!». For meir informasjon om formidlarane, gå inn her.

I Hordaland kan folket langs kysten byrje å gle seg allereie no! Her startar turen 5. mars, og vert avslutta 27. mars.